Senior Scramble 11.03.20

I dag vart etter kvart 19 som stilte til start. Me «hylla» sommarsesongen ved å starta kl 10, i alle fall dei fleste av oss. Men me savna nokre då me fordelte oss på utslagsstadene, slik at me måtte omrokera litt på laga. Men når me ser på resultatlista, kan det sjå ut som det å framleis vera i vintermodus (start kl 11) gav best uttelling.
Det var fint spelevær i dag, men litt større variasjon i resultata enn vanleg.
Nr 1 med første æres- og honnørpris vart Jan Bendiksen, Svein Erik Birkeland og Steinar Nordal med 37 brutto og 23 netto.
2. og 3. plass måtte skiljast på hcp. 2. plassen gjekk til Bernhard Clausen, Svein Ringen og Jon Nordahl med 37 brutto og 25 netto.
Siste ærespris gjekk til Oddmund Lid, Tor Hagland og Jan Torbjørn Johannessen også med 37 brutto og 25 netto.

Vil minna om at me også neste gong tek sikte på å starta kl 10:00

Vinnarflighten representert med 2 av 3. Steinar Nordal kom seint og gjekk tidleg, så me rakk ikkje å få han med på biletet.

 

Skriv en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.