Haugaland Golfklubb, Sveio Golfpark AS og Sveio kommune signerte i dag (30. august 2019) samarbeidsavtalen som ligg til grunn for bygging av ny Drivingrange, nytt Servicebygg og ny kortholsbane.
Geir Flatnes AS er tildelt totalentreprise på byggjing av Drivingrange og kortholsbane, medan Haaland & Thuestad er tildelt totalentreprisen på Servicebygget.
Arbeida vil bli byggjemelde i september og detaljprosjekteringa er i full gang.
Drivingrange og Servicebygg skal vera klart til 1. september 2020, med målsetjing om å kunna takast i bruk frå sommaren 2021.
Når det gjeld kortholsbanen, så er planen å ha denne opparbeidd innan utgangen av 2020.
Det er Haugaland Golfklubb som er Byggherre for prosjektet, medan Sveio Golfpark AS vil forestå prosjektoppfylgjinga.
Sveio kommune har med sitt vedtak 17. juni 2019 sagt seg villeg til å kompensera for omdisponering av den «gamle» drivingrange og såleis bidrege til å fullfinansiera prosjektet.
Haugaland Golfklubb godkjente på sitt ekstraordinære årsmøte 26. august prosjektet og samarbeidsavtalen.
Haugaland golfklubb skal bidra med 3.500 dugnadstimar for å realisera prosjektet. Dette gjeld oppgåver som;
- Hogst/kvisting
- Inngjerding av området
- Steinplukking/milding/isåing
- Maling i Servicebygget
- Installasjon av kunstgrasmatter på utslagsplasser og greenar
- Vatningsanlegg
Etter å ha arbeidd med dette prosjektet i 10 år er det grunn til å gratulera kvarandre med å ha nådd denne viktige milepælen!
Prosjektet vil bidra til «prikken over i’en» og gjera vår golfbane til ein av dei beste i landet.