Spel på 2 18-hols banar til prisen av ein.

Sveio Golfpark har i dag inngått driftsavtale med Nordvegen Golfklubb om drift av Nordvegen Golfbane. Avtalen inneber at Sveio golfpark no vil stå for drifta av begge 18-holsbanane som finns mellom Bergen og Stavanger og at alle hovedmedlemmene i Haugaland Golfklubb og Nordvegen Golfklubb vil ha fri spelerett på begge banane.

-Me trur denne avtalen vil bidra til god kvalitet i drifta av Nordvegen Golfbane og våre medlemmer set stor pris på denne løysinga, seier klubbleiar Arve Osnes i Nordvegen Golfklubb.

– Samarbeidet med Nordvegen Golfklubb opnar for synergiar som vil gje betre tilbod både til medlemmer, sponsorar og gjestespelarar, seier Gavin Hinds, pro og dagleg leiar i Sveio Golfpark. Hovedmedlemmene i begge klubbane vil no få høve til å spela på begge banane gjennom heile året. Sponsorane vil få høve til å profilera seg på begge 18-holsbanane og nå fram til ei vesentleg større målgruppe enn ved profilering på ein av banane. Avtalen opnar også for betre samarbeid på opplæring og rekruttering.

-Dette er eit godt eksempel på interkommunalt samarbeid til fordel for alle impliserte parter, seier styreleiar i Sveio Golfpark, Per Bjørn Habbestad.

Skriv en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.