Laurdag hadde klubben markering av 35-års jubileum, med 9-hols scramble turnering for medlemane. 29 ivrige golfarar var med på dette. Det såg litt skumelt ut med været, men regnet gav seg før start, så det var berre den sterke vinden som gav utfordringar. Likevel var det god speling og jevnt mellom laga. Men, det er alltid nokon som er hakket betre enn andre, og dette resulterte i premiar til:
Vinnarane: Bjørnar Wannberg, Odd Bjelland og Bjarne Gjerde.
På 2. plass: Wilhelm B. Jacobsen, Tore Ravn Ottesen, Arve Fludal og Nils Arne Nesse.
På 3. plass: Astrid Antonsen, Karin Irene Lund Ekrene, Vidar Støyva og Bjørn Wannberg.
Etter at alle var ferdige vart klubben sin nyinnkjøpte grill testa ut, og det vart servert både steikt laks og hamburgarar med tilbehør. Dette trur me alle sette stor pris på, for det meste blei ete opp.
Takk til alle som varmed på markeringa.
Haugaland Golfklubb